Vi må spele meir saman
Kjersti Wøien Håland

Kjersti Wøien Håland var festivalpoet på Oslo Jazzfestival i 2019. Desse dikta blei til der. I musikken, i byen, i jazzen, blant folka.

eg vil sende eit postkort
frå alle vanlege tysdagar
som ikkje er så vanlege likevel
til dei grå og stille dagane
som er tomme for musikk
eg vil gi ei bursdagsgåve
til nokon eg ikkje kan namnet til
eg vil hugse på
at på enkelte augustkveldar
luktar det blåbær av lufta
sjølv om vi er midt i byen
på enkelte kveldar
heilt vanlege uvanlege tysdagskveldar
er alt og alle ei gåve så
gratulerer så mykje med dagen

Vi må spele meir saman

Last ned omslag

Boksingel, 29 sider
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-378-8

Kjersti Wøien Håland (f. 1988) kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Ho debuterte med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti i 2013 og vart nominert til Ungdommens Kritikerpris for romanen Dommedøgn (2014). Ho skreiv NRK-serien Lovleg som blei ei suksess i 2018.

 

Av samme forfatter

Relaterte utgivelser