F°
Nominert til Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok Ungdomsbok, 112 sider Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) debuterte med romanen Eg kom for å elske i 2002. Han har seinare skrive fleire bøker for vaksne og unge. For ungdomsromanen Så vakker du er (2013) fekk Tjønn Brageprisen. «Smadra beskrives som en ungdomsbok, men kan med hell - og bør - leses av voksne. Den er en brutal påminner om at alle har historier og hverdager man ikke har kjennskap til eller ser ved første øyekast.»Smadra
Brynjulf Jung Tjønn
Faren til Oda triller sykkelen hennar i garasjen. No skal ikkje Oda bruke han meir. Ho har så dårleg balanse, men dette var absolutt siste gong Oda skal falle og slå seg. Det er historia Oda fortel til alle dei som spør. Men både ho og mora veit at sanninga er noko heilt anna. At sanninga er ei historie Oda ikkje klarar å fortelje til nokon. Ikkje til far. Ikkje til læraren. Ikkje til bestevenen, Milad, sjølv om han har opplevd mykje verre ting før han kom til bygda der Oda bur.
Smadra er ei ungdomsbok som gjer vondt, om å ville ha det godt.
Omslagsillustrasjon av Kristian Hammerstad
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-238-5
Utgitt i 2018
– Ingrid Flogfeldt Brubaker, Vinduet
«Fortalt i et komprimert, men likevel lett flytende språk gir Tjønn historien tyngde når han også våger å gi historien luft. Fortetningen i handling og språk gjør at romanen nærmer seg poesien i form og dramatikken i vesen i enkelte deler av boken. Mye er bygd opp rundt replikker, og her er mye meningsmetning på få sider. (...) Boken fremkaller en opplevelse av noe uhyggelig hos den som leser, kanskje er det fordi historien er så nøkternt fortalt. (...) Dette er rett og slett en fint gjort ungdomsroman (...) den fortjener sine lesere.»
– Karen Frøsland Nystøyl, Periskop.no
«Forfattaren let Oda tenkje og drøyme i verselinjer med rytme og driv. Lette å lese, men bilderike og meiningssterke. Tankane vekslar med kvardagsleg, truverdig dialog mellom Oda og dei andre. (...) Alle som går i sjuande klasse kan lese denne boka, den høver også både for yngre og litt eldre ungdommar. Romanen har ei enkel form. Historia har ein klar bodskap. Den største styrken ved Smadra er at bodskapen likevel er nyansert, på den måten at den tilpassar seg til lesaren (...) I Brynjulf Jung Tjønn sine bøker er det alltid mørkt, men han slepp inn strimer av lys. Meir lys denne gongen. Akkurat så mykje lys som Oda treng.»
– Janne Karin Støylen, Framtida.no
«Sterkt om familievold (...) Det komplekse forholdet mellom foreldre og barn er et yndet tema i samtidslitteraturen. Mange forfattere skriver hundrevis av sider for å gå i dybden i tematikken. Brynjulf Jung Tjønn viser styrken som fortsatt ligger i den ordknappe teksten.»
– Ingrid Kvamme Fredriksen, barnebokkritikk.no