Skare
Erlend Skjetne

Augo dine er fanga fuglar.

Du lever i fluktplanar,
men stoler ikkje på
at dei vil kunne bera deg. 

Enn så lenge blir du her
i stilla hjå meg.

Eit gamalt, fråflytt hus, i stilla mellom glitrande snøskavlar. Her faldar handlinga i dikta seg ut, mellom eit mannleg eg og eit kvinneleg du. Dei finn nøkkelen under matta og låser opp, måkar snø frå gardsplassen, bur seg på å leva i lag.

Skare

Last ned omslag

Dikt, 80 sider
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-358-0

Erlend Skjetne (f. 1988) kjem frå Melhus og arbeider med norskopplæring for flyktningar. Skare er den fyrste boka hans.

«Når en enkelt setning gir ny innsikt i samspillet mellom mennesket og naturen som omgir det, da vet du at du har med en fullblods poet å gjøre. (...) et av de vakreste dikt om å dø som jeg husker å ha lest.»
– Fartein Horgar, Adresseavisa

«Skare er, på ein god måte, ei samansett diktbok. Mange dikt er prega av slåande bilete, utan at bileta nødvendigvis vert utvikla i diktet. Og i nokre dikt er strofene lause, dei er ikkje naudsynleg integrerte i kvarandre. Det er ikkje eit problem, tvert om byggjer dikta på det viset inn andre moglegheiter, som moderer det tapet av kjærleik og livssjansar som dikta påtalar på overflata. Difor er det eit godt og frigjerande lyft i Erlend Skjetnes debutantdikt.»
– Sindre Ekrheim, Dag og Tid

Av samme forfatter

Relaterte utgivelser