Rasfare
Kjersti Wøien Håland

Kva det er som skjer i eit ras? Heilt enkelt: Noko ein trudde satt bom fast, losnar. Det kan føre til stor øydelegging, men ikkje alltid. I overført betyding kan eit slikt ras vere svært gunstig for eit menneskje. Eller som Kjersti Wøien Håland skriv i diktsingelen «Rasfare»:

dei som er viktige
rasar inn i livet
og legg seg
som tunge steinar
du kan klatre på

Og viser kor samansett det lette og tunge, viktige og vanskelege, er i såkalla vanleg liv. Ikkje bare kan vere, men er. Wøien Håland skriv også: Alt godt i livet/ har falle på meg. Og når vi les denne lina, og resten av desse smarte dikta, blir vi med eitt pinleg klar over at vi kva tid som helst kan få noko i hovudet, metaforisk sett sjølvsagt, som vi aldri kunne føresedd og som for alltid vil forandre oss. Det er den evige rasfaren vi lev i, kvar og ein av oss.

Rasfare

Last ned omslag

Boksingel
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-283-5
Utgitt i 2018

Kjersti Wøien Håland (f. 1988) kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Ho debuterte med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti i 2013 og vart nominert til Ungdommens Kritikerpris for romanen Dommedøgn (2014).

 

Av samme forfatter

Relaterte utgivelser