Nokre valsar, gamle og nye.
Einar Økland

I boksingelen Nokre valsar, gamle og nye skriv Einar Økland valsar om nær sagt kva det skulle vere. Innfalla er mange og tonen variert. Det same kan seiast om dei litterære grepa. Vi går, som vi nesten alltid gjer i litteraturen, både livet og døden i møte – samstundes som vi gjer det vi kan for å forføre andre på vegen:

Eg krøllar så gjerne mine tær
Hvis bare kvinnfolka ser på og ler

Forfattaren sjølv seier dette om boksingelen: «Eg blei beden om å lage ein prolog til opninga av Vossa-jazz. Samstundes kom det spørsmål om eg kunne lage nokre nye tekster til eit originalt tingingsverk som komponisten og musikaren Gabriel Fliflet skulle framføre under festivalen. Han laga då eit konsertverk kalla ‘Valseria’ og eg stod for fire av valsetekstane der. Fliflet hadde djupe musikkhistoriske tankar om kor sentral og viktig og spennande valsen var. Han omtala verket sitt som ‘valseverk’. Å bli spurd om å skrive valsar, sette meg i sving på fleire vis. Eg hadde likevel inga aning om kva innhald, stemning eller form Fliflet ville ha, så eg skreiv i veg og leverte ein rotekasse med temmeleg ulike valseforslag oppi. (Naive. Pastisjar. Aparte. Sentimentale.) Dette jobba eg særleg intenst og strevsamt med då eg for første gong i mit liv vitja New York sist haust. Eit opphald som elles blei forlenga og prega av at stormen Sandy mørkla halve Manhattan og stengde flyplassane i distriktet. Som den ukomponistiske person eg er, har eg sjølvsagt berre høyrt andre sine valsemelodiar for mitt indre øyra. Medan Fliflet jo berre har høyrt det han sjølv ville lage, og på ingen måte ønskte å bli informert om kva lydar eg høyrde. Såleis har det seg at eg godt kunne setje ‘til kjend melodi’ over diverse av mine tekster.»

Nokre valsar, gamle og nye.

Last ned omslag

Dikt, 28 sider
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-055-8

Einar Økland (f. 1940) er ein norsk essayist, dramatikar, lyrikar, forfattar og kritikar. Han debuterte i 1963 med diktsamlinga Ein gul dag. Dette er den fyrste boka hans på Flamme Forlag.

 

Av samme forfatter

Relaterte utgivelser