Mor mi er ein elg
Heidi-Anett Haugen

Av og til sit mor mi i den teppelagde trappa og stirar rett fram. Kanskje er ho sliten. Kanskje ho er lei. Kanskje begge deler. Med min litle kropp set eg meg inntil ho. Seinare får me ein hund, Lotte. Ho er mjuk og god. Så er det ho mor lenar seg inntil.

Held hendene hennar, og vil så gjerne seia at eg elskar ho. Tenkjer, smakar på orda, men dei vert verande, der inst, i min litle munn. På mi raude tunge.

Eg likar å gå på arbeidet til mor, skriva med kritt på tavlene, spela på pianoet i musikkrommet.

Kvar er det eg er, kjøkkenet kanskje, og mor mi er der, ho er sliten, trøytt og litt hissig. Medan ho eltar deigen i den store oransje plastbollen, dreg ho i deigen, og eg ser små hol gjæren har laga, så seier ho: det er ikkje sikkert at eg og far din skal vera saman for alltid. Ho borar fingrane sine, med dei lange djupraude neglene, inn i den mjuke deigen. Me kan også finna på å skilje oss, akkurat som alle andre.

Mor mi er ein elg og må gå sine eigne vegar.

Mor mi er ein elg

Last ned omslag

Boksingel, 27 sider
Design av Aslak Gurholt
Kollasj på framsida: Marsupium av Heidi-Anett Haugen (2017)
ISBN 978-82-8288-377-1
Utgitt i 2019

Heidi-Anett Haugen (f.1985) er biletkunstnar med bachelorgrad i samtidskunst frå Kunstakademiet i Tromsø og mastergrad i biletkunst frå Kunstakademiet i Trondheim. Haugen debuterte i 2018 med romanen Kuk og hjarta. Ho bur i Trondheim.

 

Av samme forfatter

Relaterte utgivelser