F°
Har du lyst å vite meir om skriveskolar? Korleis dei arbeider og kvar dei er å finne? Lurer du på a) kva som eventuelt skil undervisning i språk og litteratur i skolen frå undervisning i skapande skriving, eller b) kva som eventuelt skil undervisning i creative writing frå forfattarutdanninga? Saknar du ei historisk framstilling av bakgrunnen for creative writing og forfattarutdanninga – når starta det, og kva var drivkrafta? Då er dette ei bok for deg! Eldrid Lunden (f. 1940), tidlegare leiar av Forfattarstudiet i Bø ved Høgskolen i Telemark, forsøker her å gi ein del svar på desse spørsmåla, og etterlyser mellom anna ein opnare dialog mellom kunstfag og allmennfag. Sakprosa, 152 sider Forfattaren er utdanna cand. philol. og har i tillegg til undervisning gjennom nær førti år, gitt ut femten dikt- og sakprosabøker. I 1996 blei ho den første norske professoren i skrivekunst. «Norges første professor i skrivekunst gir et subjektivt innblikk i forfatterutdanningens væren og vesen. (…) Som sakprosaforfatter har Lunden noe av det samme lynnet som en også finner i hennes lyrikk – skarpheten, den mørke humoren og viddet.» «Denne lesverdige boka burde både politikere og utdanningsbyråkrater ha som pensum, blant annet for å oppdage hvordan skrivelæring vil kunne berike alle nivåer i skolen.» Kan ein lære å bli forfattar?
Eldrid Lunden
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-047-3
Utgitt i 2014
– Carina Elisabeth Beddari, Morgenbladet
– Freddy Fjellheim, Klassekampen