F°
Hundre vegar heim
Øystein Hauge
Hundre vegar heim er ei samling med haiku kor Øystein Hauge prøver å fange det alle som har skrive haiku frå Basho si tid til no, prøver å fange: æva og augneblinken på ein gong. Og kor fangstreiskapane han nyttar er undring og varme, humor og lengt, intuisjon og nærvær. Vi sit kvar for oss, vi sit saman; vi er ved innsjøen, i skogen, på elva. Alltid heime og alltid på veg heim.
Øystein Hauge (f. 1956) debuterte i år 2000 med diktsamlinga Grønt. Han bur i Romsdal ein stad.
Dikt, 24 sider
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-464-8
Utgitt i 2021
Øystein Hauge (f. 1956) debuterte i år 2000 med diktsamlinga Grønt. Han bur i Romsdal ein stad.