Deilig er jorden
Helge Skodvin og Frode Grytten


Det enkle språket med sine fire kasus. Første veka i desember. Andre veka i desember. Tredje veka i desember. Siste veka i desember. Det finst ord for alt, men ikkje for dette.

Ho Ho Ho! Slit du med julefeelinga? Synest du alt er stress? Får du ikkje til sprø svor? Gruar du deg til besøk av svigermor? Slapp av. La Skodvin og Grytten vise deg kva jula eigentlig handlar om. Korleis jula eigentlig ser ut. På ekte.

Deilig er jorden

Last ned omslag

Fotografi av Helge Skodvin
Tekstar av Frode Grytten
168 sider
Bokbunad av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-289-7

Helge Skodvin er fødd tre dagar før julaftan i 1968. Han har vore nominert til Leica Oskar Barnack Award og Magnum Photography Award for sine fotografi. På Facebook regjerer han desember måned som Santa Skodvin.

Frode Grytten (f. 1960) har skrive bøker i dei fleste sjangrar og har vunne fleire prisar. På Flamme er han mest kjend for Det norske huset (2009), med fotografi av Jens Hauge.

«Helge Skodvin og Frode Grytten har laga ei ironisk og varm reise gjennom det norske julelandskapet. (...) Helge Skodvin må rett og slett ha hatt det frykteleg moro undervegs, og det smittar. Lesaren vil humra over sært plasserte og dimensjonerte julenissar, julereinsdyr, juletre og julelys. (...) Smørbukk, Stomperud og Vangsgutane høyrer med til jul. Men ta gjerne med Skodvin og Grytten i tillegg. Nå er det 2018.»
– Tom Hetland, Bergens Tidende – terningkast 5

«Julestria er virkelig noe for seg selv. Sjelden blir dette formidlet så godt i ord og bilder som her. (...) Noen av tekstene (og bildene) er genuin jul med sin glede, direkte rørende, nesten som de kunne vært nye kortnoveller av Levi Henriksen. Dette er en påminnelse som det er verdt å ta med seg inn i ukene som kommer: At det er lett å få et oppgitt, kynisk forhold til hele adventstida, men at den samme tida også kan mane fram noen av de sarteste følelsene vi har. Denne boka hjelper i alle fall på stemningen.»
– Geir Rakvaag, Dagsavisen

«Du grønne glitrande tre, god dag, liksom! Uffameg! Det er grellt så det held. Kanskje er det for svakt ord. Grotesk? Grimmt! Grusomt! Motivet er fanga på Heiane på Stord i desember for to år sidan. (...) Fotografen har mange blinkskot samla her. (...) Grytten pirkar også borti juletradisjonane våre. På elegant vis. Ja, ikkje berre pirkar. Han røsker og riv i mange av dei, og vil sikkert provosera mange. Det kan vera noko sunt i dette, både med bileta og tekstane. Men felles for dei begge er at dei strekkjer det så langt, og dreg inn slibrige motiv, erigerte penisar, og bannskap og sex. Dette er så unødvendig, for her er poeng meir enn nok til å få fram det dei vil. Derfor legg eg boka stille til side.»
– Paul Odland, Dagen

Av samme forfatter

Relaterte utgivelser