F°
Alt som skranglar
Erlend Skjetne
Ettersom eg aldri vil kunne sitere deg,
må eg byrja med stilla di.
Endelause samtaler med stilla di.
Endelause samtaler med meg sjølv
om deg og stilla di.
Eit barn som ikkje har språk, ein far som prøver å forstå: I denne diktsamlinga ligg kommunikasjonen tett på tagnaden, kjærleiken tett på sorga.

Lyrikk, 88 sider
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-481-5
Utkommer primo august 2022
Erlend Skjetne (f. 1988) kjem frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar. For diktsamlinga Skare (2019) vart han nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. I 2021 vart Skjetne tildelt NTNUs litteraturpris og Bokhandelens forfattarstipend. For Eit anna blikk fekk han Brageprisen i klassen barne- og ungdomsbøker. For same bok vart han òg nominert til Kritikerprisen.