Eit anna blikk
Erlend Skjetne

Eg ser han for meg no: Det snør så vidt, han dreg ei hand gjennom det svarte håret. I det same gløttar han opp på meg, smiler fort, før han løftar ein liten ryggsekk ut av bagasjerommet. Har han reist så lett, må han vere ein av oss.

Eit anna blikk er ei forteljing frå eit flyktningmottak i Nord-Noreg. Her bur atten afghanske gutar, derimellom Anwar, som elskar bøker og språk og blir kalla Professoren. Ein dag flyttar Walid inn på rommet hans. Walid er Anwars rake motsetning, ein sjarmerande opprørar og glimrande fotballspelar.


Gradvis oppstår eit vennskap mellom Anwar og Walid. Men kvardagen på mottaket er hard, framtida uviss: Kven av dei – om nokon – vil få lov til å bli i Noreg?

Eit anna blikk

Last ned omslag

Ungdomsbok, 230 sider
Omslagsdesign ved Ellen Lindeberg og Egil Haraldsen | Exil Design 
ISBN 978-82-8288-459-4
Utgitt i 2021

Erlend Skjetne (f. 1988) kjem frå Melhus og arbeider med norskopplæring for flyktningar. For diktsamlinga Skare (2019) vart han nominert til Tarjei Vesaas’ Debutantpris. Eit anna blikk er Skjetnes fyrste ungdomsroman.

«Vår tids mantra er at alle undertrykte grupper skal høres. Men hvem hører de afghanske ungguttene på asylmottaket? I ungdomsboken Eit anna blikk gir Erlend Skjetne stemme til de stemmeløse (...) det er blitt en ambisiøs og viktig bok.»
– Anne Cathrine Straume, NRK.no

«Tankespranga er store, assosiasjonane mange. Ein blir lett sogen inn i boka sitt univers. Det er spennande og intenst (...) framifrå lesnad!» – terningkast 5!
– Magnus Rotevatn, Framtida.no

«Eit anna blikk er ei brennaktuell bok om mindreårige afghanarar på flukt. (...) Erlend Skjetne jobbar sjølv som lærar i asylmottak, og med denne erfaringa greier han å nyansere det stereotype biletet mange nordmenn har av mindreårige asylsøkjarar. Ein roman til ettertanke.»
– Oddmund Hagen, Dag og Tid

«Sjølv om Eit anna blikk er ein ungdomsroman, passar den også godt til vaksne lesarar. Dette er ei viktig bok. Tittelen på ungdomsromanen seier noko essensielt om kva Skjetne vil få fram med denne fine og sterke forteljinga: Anwar og Walid gir oss eit anna blikk på korleis det kan vere å vakse opp som ungdom i Noreg i 2021.»
– Espen Tørset, Gaula

Av samme forfatter

Relaterte utgivelser