Ungdomsskulen
Heidi Furre

Hugsar du ungdomsskulen? Den kjensla. Då du ikkje lenger var eit barn på barneskulen, men ein ungdom klar for ungdomsskulen? Nesten ein vaksen klar for vaksenlivet. Hugsar du kor skumle tiandeklassingane var? Hugsar du det første kysset? Det andre? Hugsar du bølla? Draumeprinsen? Sladrekjerringa? Hugsar du matteprøver og tentamen? Hugsar du bestevenene dine som alltid skulle vere der? Hugsar du at dei ikkje alltid var det? Hugsar du at det ikkje alltid gjekk som du håpte? At det som skulle vere spanande, blei frykteleg? Og det som skulle vare evig, forsvann? Hugsar du ungdomsskulen?

Maja vil gjerne vere ei av dei som blir invitert på festar, ei som har drukke både øl og sprit, ei som har hatt sex. Samstundes vil og òg vere det barnet ho framleis er, bade med bestevenene Pelle og Maria, eller berre sitje på rommet og prate. Pappaen hennes har forsvunne på sjøen, ingen veit om han er daud eller levande. Så dukkar det opp ein litt eldre gut. Vampyren. Så forsvinn Pelle og Maria for ei stund. Så vil Maja at mamma og stefaren skal skilje seg. Så trur ho at ingen bryr seg om henne.

Heidi Furre fortel presist og empatisk om tida på ungdomsskulen. Stilen og språket hennar er aldri overdrive, alltid medrivande. Ungdomsskulen er ein fantastisk roman, som vi gi deg ny kjærleik for desse uvanleg turbulente åra i liva våre.

Ungdomsskulen

Bla i boka Last ned omslag

Roman, 162 sider
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-111-1
Utgitt i 2016

Heidi Furre er født i 1986 på Stord. Ho bur i Oslo.

«Heidi Furre lar leseren følge Maja gjennom ungdomsskolen. Det blir både sårt og morsomt. Det er imponerende å se hvor mye Furre får ut av den unge fortellerstemmen.»
– Thomas Espevik, NRK

«Måten Furre bruker konkrete bilder på gjør at leseren kommer inn i universet hennes, vi føler stemningen og kjenner karakterenes følelser på kroppen. ... de nostalgiske bildene av svunnen tid er i seg selv god lesning.»
– Ida Vågsether, Stavanger Aftenblad

«Furres stil i boken er skarpt realistisk, nøktern men samtidig språklig fengende og oppfinnsom (...) Ungdomsskulen er en velskrevet og godt gjennomført roman, og et slående eksempel på hva Sverre Henmo nylig har pekt på, nemlig at vi i Norge har en ungdomslitteratur som det er vel verdt å utforske mens man venter på neste episode av Skam
– Mette Hofsødegård, Aftenposten

Av samme forfatter

Relaterte utgivelser