F°
Technotika
Heidi Furre
Nominert til Brageprisen 2024
Den som er i sorg, ser etter den døde i naturen. Ho lyttar til susinga frå grantoppane, ser fånyttes opp på ei uvanleg klar stjerne. Ho samlar steinar og skjel til gravplassen, ho plantar ting, ho plukkar bort lauv og lar ikkje gravsteinen få fred under snøen. Trass i all denne leitinga viser naturen seg like taus. Steinen blir verande ein stein.
Denne romanen handlar om å gå til ein døgnopen bensinstasjon på nettene, om å miste ein bror og om ein stor verdsfeil.
Roman, 120 sider
Omslagsdesign: Exil Design
ISBN 978-82-8288-567-6
Utgitt i 2024
Heidi Furre er født i 1986 på Stord. Technotika er hennar femte roman.
«Heidi Furre har et eget blikk for det absurde og nesten avvæpnende, selv om hun aldri firer på intensiteten i den dype, forvirrende sorgen. Det er – av alle ting – forfriskende lesning.»
– Inger Bentzrud, Dagbladet – terningkast 5!
«Heidi Furre skriver kort og intenst om sorg og søskenkjærlighet – og fikk i forrige uke en forfriskende og fortjent nominasjon til Norges mest prestisjetunge bokpris. (...) Furre skriver svært overbevisende om bekmørk sorg (...) Technotika fikk meg til å grine. Det er langt fra er objektivt kvalitetskriterium, men det sier noe om Furres mesterlige formidling av den intense livserfaringen jeg-fortelleren gjennomgår.»
– Gabriel Michael Vosgraff Moro, VG – terningkast 5!
«Slik kan det også seiast. Det er berre det at ingen andre ville kome på å seie det slik. Heidi Furre er definitivt ikkje heilt A4.»
– Knut Hoem, NRK – terningkast 5!
«Heidi Furre skriv med djup innsikt i menneskesinnet. (...) sjølv om tårer vert skildra i boka, er ikkje teksten sentimental. Han er derimot original, sannferdig, plausibel og god.»
– Odd W. Surén, Dag og Tid
«Furre skriver om mennesker i livsomveltende faser, de flytter hjemmefra, blir mor eller mister et søsken, og hun er på sitt aller beste når hun skriver frem ensomheten i disse erfaringene. Selv om disse hendelsene er en naturlig del av alle liv, er det omkalfatrende for dem det rammer, og Furres nære og konkrete skildring av dette er hennes styrke som forfatter.»
– Ida Vågsether, Morgenbladet
«Heidi Furres nye roman er skrive etter ein sorglogikk som er både forvirrande og rørande. (...) Det er eit stemningsfullt landskap, dunkelt og litt dystert, opplyst av skjermar, neonlys og glød frå e-sigarettar. Forteljaren har mista ein bror til kreft, og ho har tatt inn i eit forlate kollektiv i ein studentby som ligg landleg til utanfor ein større by. (...) Det kaotiske gjer ikkje boka formlaus, men formfri: Prosaen har jamleg den effekten at det som først er forvirrande, snart gir ei slags (litt skrudd) meining. (...) Romanen sluttar på kyrkjegarden, og det er då eg merkar at Furre, gjennom kaotiske kast og uventa vendingar i språk og handling, har lukkast med å skrelle vekk eit lag av konvensjonar som legg seg rundt sorga – frasane ein brukar, forventingane ein har om sorgforløp og -fasar, frykta for å snakke om det hos dei rundt. Slik kjem ho seg inn til ein kjerne som er naken og kald og hard»
– Eivind Myklebust, Klassekampen Bokmagasinet
«Teikna på verdsfeilen er mange. Nokre triste. Andre morosame. Ofte dukkar dei opp i same avsnitt, same setning, same tankestraum. Det gjer Technotika til ei litt annleis bok om sorg. Først og fremst festlegare. Og med det også djupare. Heidi Furre har skrive fram ein forteljar som funkar. (...) Technotika er melankolsk, men også morosam. Ei fin påminning om at sorga kanskje ikkje går over. Men at ho likevel er til å bere.»
– Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen
«... en sær og forfriskende bok. Heidi Furre skriver smått surrealistisk om noe så realistisk som kreft og død. Hun får deg til å le når det passer som minst.»
– Ingunn Økland, Aftenposten