Barn som leikar
Olav Gisle Øvrebø

John Keats skal ha sagt eller tenkt at poetar er poetar fordi dei manglar eigen personlegheit – eller sjel om du vil – fordi dei har eit tomrom i seg som dei så fyller med alle andre enn seg sjølv. Ein poet sit gjerne på kafé, ifølge Keats, og lever seg inn i framande menneske. Han eller ho er rein (mer eller mindre) empati. Det same kan seiast om Olav Gisle Øvrebø og debutsamlinga hans Barn som leikar. Øvrebø lever seg inn i framande menneske. Og ikkje berre det, han lever seg inn i mordariske framandfolk. Dei to gutane Jon Venables og Robert Thompson, som i 1993 tok livet av den endå mindre guten James Bulger i Liverpool. Korleis blir det dikt av det, kan ein kanskje spørje seg. Men det kan det. Og vi seier ikkje at det ikkje er ubehageleg lesing. For det er det. Men kanskje kan denne vesle boka, i ei tid som no, prega av nasjonal sorg og sjokk, vere til hjelp?

Barn som leikar

Last ned omslag

Dikt, 72 sider
Design av Yokoland
ISBN 978-82-02-36810-4
Utgitt i 2011

Olav Gisle Øvrebø (f. 1989) debuterer med samlinga Barn som leikar. Han er student og bur i Bergen.

«Dette er ei god diktsamling. God fordi ho går inn i den aktuelle litteraturfronten, inn til staden der spørsmålet om fiksjon og verkelegheit finst. Gjennom å gjera noko som ikkje er gjort før, utvidar ho poesien sitt virkeområde. Og dikta er velskrivne, diktsamlinga velkomponert.»
– Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen

«Diktsamlingen tar utgangspunkt i udåden Jon Venables og Robert Thompson utførte da de tok livet av den yngre gutten James Bulger i Liverpool i 1993. De fleste husker begivenheten og avisoppslagene vagt. Les diktene og husk på en annen måte. En særlig stemme. Et originalt blikk. Klokt om ugjerninger.»
– Vigdis Hjorth, Dagbladet

Av samme forfatter

Relaterte utgivelser