Alt som skranglar
Erlend Skjetne

Ettersom eg aldri vil kunne sitere deg,
må eg byrja med stilla di.

Endelause samtaler med stilla di.

Endelause samtaler med meg sjølv
om deg og stilla di.

Eit barn som ikkje har språk, ein far som prøver å forstå: I denne diktsamlinga ligg kommunikasjonen tett på tagnaden, kjærleiken tett på sorga.

Alt som skranglar

Last ned omslag


Lyrikk, 88 sider
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-481-5
Utgitt i 2022



Erlend Skjetne (f. 1988) kjem frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar. For diktsamlinga Skare (2019) vart han nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. I 2021 vart Skjetne tildelt NTNUs litteraturpris og Bokhandelens forfattarstipend. For Eit anna blikk fekk han Brageprisen i klassen barne- og ungdomsbøker. For same bok vart han òg nominert til Kritikerprisen.



«Fine dikt om kjærlighet til et barn som krever mer enn noen foreldre kan innfri. Men først og fremst er dette fine dikt uansett tema. (…) boka inneholder noen veldig fine, viljesterke og trassige kjærlighetsdikt. Men når alt dette er sagt, skal det sies at Alt som skranglar ikke først og fremst er en trøstebok for foreldre med tilsvarende utfordringer, men en bok som vil glede poesilesere uansett hvilket regime de lever under.»
– Fartein Horgar, Adresseavisen – terningkast 5!

«Under tittelen Alt som skranglar har Erlend Skjetne (f. 1988, debut 2019) på åttiåtte sider skrive ei sjeldan flott og sitatvenleg bok. Det er ganske visst mykje som skranglar i dagleglivet til den kjernefamilien der barnet «du», poeten «eg» og kona hans held til, men ingenting skranglar i Erlend Skjetne si kunstnarlege framstilling av det og dei.»
– Jan Askelund, Krabben Poesikritikk

«Noko av det finaste med samlinga er at ho unngår å redusera barnet til eit sjukdomskasus, men heile tida framhevar det menneskelege perspektivet. Det er det rike og verdfulle indre livet til barnet som diktaren fokuserer på, noko som er det mest sympatiske med Skjetnes diktsamling. Nettopp stilla og det kjenslevare opplever lesaren overalt i samlinga, meisla ut i språkleg formsikre liner.»
– Kjetil Berthelsen, Dag og Tid

Av samme forfatter

Relaterte utgivelser