Kom og hent meg
Kjersti Wøien Håland

Du ventar på å bli henta. Eg veit ikkje av kva eller kven, men du gjer jo det. Frå mentale kjellarar eller bokstavelige loft. Eg ser deg heile tida, stå og vente. I byen eg bur i, byen som ventar. Du kan sjå det på kranene. Heile verda ventar, sjølv når den spring om kapp, sjølv når den spinnar om seg sjølv. Ventar på eit skifte, ein revolusjon, ein kollaps. Januar ventar på februar. Dagen blir henta av natta. Orda ventar på auger. Dikt ventar på å bli lest.

på botnen av alle
mine kjensler
fins ein holdeplass
med eit ope sementbur
som ingen har tagga ned
på altfor altfor lenge

Kom og hent meg

Bla i boka Last ned omslag

 

Dikt, 112 sider
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-243-9
Utgitt i 2017



Kjersti Wøien Håland (f. 1988) kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane.



Av samme forfatter

Relaterte utgivelser