Kleda er gjennomvåte
Erlend Skjetne

Når eit menneske døyr ein naturleg daude, er det livet han levde som får definere nekrologane, gravferdstalene, mimringa og anekdotane. Dauden vedkomande leid, er ei mindre sak. Med sjølvmordaren er det annleis.

Å miste trua si, å miste seg sjølv – eller finne seg sjølv der ein minst ventar det. Kleda er gjennomvåte er historia om ein far og ungane hans, om vala vi gjer og alt dei kan få å seia.

Kleda er gjennomvåte

Last ned omslag

 

Roman, 266 sider
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-456-3
Utkommer mai 2021

Erlend Skjetne (f. 1988) kjem frå Melhus og arbeider med norskopplæring for flyktningar. For diktsamlinga Skare vart han nominert til Tarjei Vesaas' Debutantpris. Kleda er gjennomvåte er den fyrste romanen hans.

«fortjener et stort publikum (...) for en medrivende bok Erlend Skjetne har skrevet!»
– 
Ellen Sofie Lauritzen, Dagens Næringsliv

«romankunst på sitt aller beste (...) blir verande hjå deg lenge etter at du har lese ferdig den siste sida (...) Kleda er gjennomvåte har etter mitt skjønn potensialet til å bli ståande som ein klassikar.»
– Magnus Rotevatn, Framtida.no, terningkast 6!

Terningkast 5!
– Maria Årolilja Rø, Adresseavisa

«For diktdebuten Skare (2019) var han innstilt til Vesaasprisen; romanen Kleda er gjennomvåte er også ein sikker priskandidat. (...) Det er ein uvanleg sterk og velkomponert roman som tematiserer sjølvmordet og kva det drar etter seg for dei næraste. (...) Skjetne balanserer alvoret med ein oppløftande humor, barsk og direkte, ironisk, poengtert og kritisk (...) for denne lesaren er det ingen tvil: Erlend Skjetne er eit litterært talent utanom det vanlege.»
– Oddmund Hagen, Dag og Tid 

«Boka har eit fortetta, intenst språk, og ein blir sugd inn i handlinga. (...) Kleda er gjennomvåte er i det heile ei god leseoppleving. Den krev ein del av lesaren, men om ein vil la seg rive med i forteljinga som er så sår og vemodig, men samtidig humoristisk og med ei sterk von, står ein rikare tilbake.»
– Espen Tørset, Gaula

Av samme forfatter

Relaterte utgivelser