Ikkje vekk dei vaksne
Kjersti Wøien Håland

kunne vi bretta året
ein halvdel over den andre
så vi fekk korps i mørketida
og blomar på kjolar i desember
kanskje sol og park og øl
om dagen
kakao og stearin og kjeks

om natta
skjerf på toppen og nakne føter

snø i håret og gras mellom tærne
eller berre nokre timar til med sol
så du ikkje berre ser ho forsvinne
frå kontorvindauget


I denne boka har vi samla fleire av Kjersti Wøien Hålands jule- og adventsdikt som forfattaren har skrive over ein periode på fleire år. Dei er håpefulle, trøystande, triste og glade, fulle av søle og snø, slaps og regn, einsame menneske og lukar dei kan finne kvarandre i. Ho skriv til både unge og eldre lesarar, og får dei til å hugse kva jula ein gong var og kva ho framleis er. Ei høgtid full av forlatte menneske, i ei kald verd, som ventar på lys og varme og nokon som ser oss.

Håland donerer all sin royalty frå salet av denne boka til stiftelsen Alternativ jul.

Ikkje vekk dei vaksne

Last ned omslag

Dikt, 54 sider
Teikningar av Tim Ng Tvedt
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-383-2
Utkommer 1. desember 2019



Kjersti Wøien Håland (f. 1988) kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Ho har skrive fleire diktbøker og boksinglar, samt TV-serien Lovleg som gjekk på NRK. Ho ønskjer seg tjukkelabbar til jul.



Av samme forfatter

Relaterte utgivelser