F°
Ruter dame
Erlend Skjetne
Frå ei bygd i Finnmark til det fornemme England: Hovudpersonen i denne boksingelen meistrar kortstokken og det dekadente livet til ein konge eller knekt, men korleis greier han seg i den verkelege verda? Ruter dame tek deg med til eit særmerkt, smått absurd miljø, der ein ung mann prøver å etablere seg som profesjonell bridgespelar, ein slags bridgegigolo for den britiske overklassen. Har han det som trengst, eller gjer han seg best som au pair?

Prosa, 32 sider
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-451-8
Utgitt i 2021
Erlend Skjetne (f. 1988) kjem frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar. For diktsamlinga Skare vart han nominert til Tarjei Vesaas' Debutantpris.