F°
Rasande pandabjørnar
Sigrid Hesjevoll
Er det verkeleg sant det songen seier, at det er lettare å seie du elskar nokon på engelsk? Og er det sant som desse dikta hevdar, langt modigere å gjere det på nynorsk? Er kjærleiken større på eit mindre språk? Og lev han kan hende best utan dei store orda – og veldige gestane? Og kva trur du gjer eit par elskande pandabjørnar rasande? Desse spørsmåla, og fleire til, får du svar på i Sigrid Hesjevolls nye boksingel. Smør deg niste, fyll termosen med noko godt og gå deg ein tur i granskogen i hjartet. Les desse dikta der.

Dikt, 32 sider
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-443-3
Utgitt i 2021
Sigrid Hesjevoll (f. 1987) kjem frå Jostedal.