F°
Eit gamalt, fråflytt hus, i stilla mellom glitrande snøskavlar. Her faldar handlinga i dikta seg ut, mellom eit mannleg eg og eit kvinneleg du. Dei finn nøkkelen under matta og låser opp, måkar snø frå gardsplassen, gjer seg klare til å bu saman i nett dette huset, nett denne vinteren. Dikt, 28 sider Erlend Skjetne (f. 1988) bur i Trondheim og arbeider med norskopplæring for innvandrarar. Han har hatt dikt på trykk i ymse tidsskrift, omsett ein operalibretto til norsk og skrive librettoen til ein opera som skal setjast opp i Trøndelag sumaren 2018.
Kverv
Erlend Skjetne
Dikta i Kverv er klåre og reine, prega av ein stor kjærleik til menneske og natur, ei undring over og beundring av det som omgjev oss.
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-282-8
Utgitt i 2018