Skare
Erlend Skjetne

Augo dine er fanga fuglar.

Du lever i fluktplanar,
men stoler ikkje på
at dei vil kunne bera deg. 

Enn så lenge blir du her
i stilla hjå meg.

Eit gamalt, fråflytt hus, i stilla mellom glitrande snøskavlar. Her faldar handlinga i dikta seg ut, mellom eit mannleg eg og eit kvinneleg du. Dei finn nøkkelen under matta og låser opp, måkar snø frå gardsplassen, bur seg på å leva i lag.

Skare

Last ned omslag

Dikt, 80 sider
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-358-0

Erlend Skjetne (f. 1988) kjem frå Melhus og arbeider med norskopplæring for flyktningar. Skare er den fyrste boka hans.

«Når en enkelt setning gir ny innsikt i samspillet mellom mennesket og naturen som omgir det, da vet du at du har med en fullblods poet å gjøre. (...) et av de vakreste dikt om å dø som jeg husker å ha lest.»
– Fartein Horgar, Adresseavisa

Av samme forfatter

Relaterte utgivelser