Makta
Heidi Furre

Ofte kan eg sjå det på andre. Eg veit ikkje nøyaktig korleis eg ser det, for det er flyktig. Det bur i ansiktet. Det er i huda, rundt munnen, i blikket. Enkelte kvinner ber smerte i ansiktet. Menn også. Det er vanskeleg å få taket på, det snor seg lett unna. Det trassar ungdom, det trassar skjønnheit. Eg har sett det hos andre sidan eg var barn, før eg visste kva det var. Eg har sett det hos barn. Eg har sett det hos eldre kvinner. Enkelte dagar har eg sett det i meg sjølv. I porene, i hudtonen, i linjene. Det piplar fram om eg ikkje passar på.

Liv er ein sjukepleiar som tek godt vare på seg sjølv og andre. Ho er eit heilt normalt menneske som skjuler ei heilt normal hemmelegheit. Ei natt, for fleire år sidan, blei ho valdteken. Av ein mann ho frivillig blei med heim. MAKTA handlar om makt, men også om å makta. Å orke å gå vidare.

Makta

Last ned omslag

Roman, 144 sider
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-395-5
Utgitt i 2021

Heidi Furre er født i 1986 på Stord. Makta er hennar fjerde roman.

«Noe jeg setter særlig høyt hos Furre, er hvordan følelsene til menneskene vi møter, tas på alvor. Særlig i de to siste romanene får de spesifikt kvinnelige erfaringene, som kanskje kunne blitt avfeid som overfølsomme, en plass og en forklaring. I Makta blir de personlige erfaringene også høyst politiske, uten at Furre går i fallgruven der dette blir en kjønnskamp hvor menn ikke kan forstå hvordan vi kvinner har det. I stedet er Makta en konkret fortelling om Livs erfaring, som også er en fortelling om hvordan veldig mange kvinner har det, hver gang vi tråkker av bussen på vei hjem i mørket og må gå siste strekket på en lite opplyst vei.»
– Ida Vågsether, Morgenbladet

«Treffsikkert om traumelindring (...) I Heidi Furres hardtslåande roman Makta forsøker ei småbarnsmor å ta tilbake kontrollen over sitt eige liv. (...) Det som har hendt kan ikkje gjerast om. Heller ikkje denne gråsonevaldtekta ender i rettssalen. Men Heidi Furre har funne ei anna form for lindring i dei treffsikre setningane sine. Ei form som treff lesaren.»
– Knut Hoem, NRK.no

«Ei av ti kvinner er offer for valdtekt. Med Makta viser Heidi Furre kva den statistikken faktisk betyr. (...) Tematikken er rå og vond, men Makta er god, også litterært. (...) Ein roman om valdtekt og verknadene den har på individ og samfunn, vil sjølvsagt aldri vera ei 'kjekk' eller 'koseleg' feelgood-bok. Men Heidi Furre gir lesaren ein god stad å vere likevel, i denne kloke og klare boka.»
– Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

«Makta er en bok om voldtekt. (...) Furres roman lærer leseren om å leve i konstant årvåkenhet etter et traume; det er ikke alle som trenger å lese mer om dette for å forstå. (...) Furre har gitt et ydmykt og insisterende tankearbeid en solid litterær form.»
– Anna Serafima S. Kvam – terningkast 5!

«Ei av haustens viktigaste bøker.»
– Jannicke Totland, framtida.no

Av samme forfatter

Relaterte utgivelser