Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti
Kjersti Wøien Håland

I debutsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti skriv Kjersti Wøien Håland om Kjersti. Som ikkje er Kjersti, men «Kjersti» – og Kjersti. Det er altså to ulike Kjersti allereie på tittelbladet: den eine reell, den andre fiktiv. Og møtet dei imellom skaper vittige og skarpe dikt både om å bli observert – og vere den som observerer. Kva kan ein tru på av det verda seier om ein? Og kva kan ein tru på av verda? Nokre hugsar kan hende Joan Cusacks vittige tilståing i filmenWorking Girl? Om at ho nokre gongar likar å kaste kleda og danse rundt i huset naken: «… men det gjer meg ikkje til Madonna.» På same vis kan den fiktive Kjersti tilstå at ho også dansar naken framfor web-kamera no og då, «… men det gjer meg ikkje til Kjersti Wøien Håland».

Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti

Last ned omslag

Dikt, 82 sider
Design av Aslak Gurholt
ISBN 978-82-8288-013-8
Utgitt i 2013

Kjersti Wøien Håland (f. 1988) kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane, og er busett i Lillehammer.

 

«Dotter mi på atten har lese desse dikta. Ho synest dei er kule. Eg (ørlite eldre) likar dei også (...) Det er lyrikk som er annleis; sårbar og hudlaus, tidsbevisst og ironisk.»
– Tore Elias Hoel, Dag og Tid

«Vittige og skarpe bilder om å bli observert, og å være den som observerer. Det er en type eksistensielle og selvutforskende dikt Håland skriver, med fokus på kropp og relasjoner (...) som en rapport fra den fiktive Kjersti, skrevet av den virkelige Kjersti, er det vanskelig ikke å la seg sjarmere og berøre.» 
— Henning Hovland Wærp, Aftenposten

Av samme forfatter

Relaterte utgivelser