Liv, eg har drukke
Erlend Skjetne

Kanskje kan gjerdet bløme.
Kanskje kan kvardagslyset –
Om berre borken er heil,
og staurane slår røter.
Om berre svaler skrik i graset
på båe sider. 

Diktsamlinga Liv, eg har drukke leitar i ord og verseliner, minne og bilete etter ein lyrisk kjærleik. Kva andar enno i dikt skrivne for over eit hundreår sidan? Kvar må ein gå for å høyre den daude syngje?

Liv, eg har drukke

Last ned omslag


Lyrikk, 96 sider 
Design av Julie Kristensen
ISBN 978-82-8288-555-3
Utgitt i 2024



Erlend Skjetne (f. 1988) kjem frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar. For diktsamlinga Skare (2019) vart han nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. I 2021 vart Skjetne tildelt NTNUs litteraturpris og Bokhandelens forfattarstipend. For Eit anna blikk fekk han Brageprisen i klassen barne- og ungdomsbøker. For same bok vart han òg nominert til Kritikerprisen. I 2024 fekk han Trønderlagets målpris for sin forfattarskap. 



«Liv, eg har drukke er vakker. Tidvis svært vakker. Skjetne dikter i direkte forlengelse av Nygards vers. Og fordi han skriver så godt, blir de gamle versene som inspirerer den nye poesien dagsaktuelle.» 
– Fartein Horgar, Adresseavisa – terningkast 5!

«Jo meir tid eg har bruka til å famna inn desse svært ulike dikta, jo meir stig samanhengen og mangfaldet fram. Ei forunderleg bok der poeten vågar både sprang og brot, men der desse tinga, nærast som vatnet i ein fjellbekk, som tonane i ei folkevise, likevel finn saman og held heilskapen oppe. (...) Eg vert løfta og inspirert av så mange av desse gjennomarbeidde linjene og merker ei skapande kraft som faldar seg ut og famnar kring murar og grenser og skapar noko nytt av det gamle. (...) Ikkje mange poetar kan halda ein så høg konsentrasjon på det same nivået over tid.»
– Helge Torvund, Krabben poesikritikk

«Diktere har til alle tider hatt andre diktere som forbilder. Den nye boka til Erlend Skjetne gjør et tydelig poeng av sitt forbilde: Olav Nygard (...) Skjetnes dikt står på egne bein, og de står godt. Alt i alt er det en fin hyllestbok»

– Espen Grønlie, Dagbladet

«I  Liv, eg har drukke auser Erlend Skjetne kjennskapen og kjærleiken sin til Nygard, og skriv seg inn i både dikta og livshistoria hans. (...) Mest interessant er boka der Skjetne nærmar seg Nygard med størst mot i bringa – der han går direkte i dialog med han og skriv ein slags Nygardvariasjonar, i ein mollstemd, men likevel vital litterær leik med dikta og livet hans.»
– Eivind Myklebust, Klassekampen Bokmagasinet

Av samme forfatter

Relaterte utgivelser